dyreklinikken

i Sogndal

Har hunden din allergi?

Allergi hjå hund kan påvisast ved testing av blodprøve frå hunden.

Stoffa hunden er allergisk mot vert kalla allergen. Allergena fører til allergisk reaksjon gjennom kontakt med hud, innånding og opptak frå mage-/tarmkanalen. Husstøvmidd er det vanlegaste allergenet.

Ved behandling av allergi er kombinasjon av fleire behandlingar ofte naudsynt for å oppnå eit optimalt resultat. Resultatet er avhengig av hunden si generelle helse, graden av allergi og sist men ikkje minst eigar sitt engasjement i behandlinga.

Behandling av allergi omfattar følgjande punkt:

1. Unngå kontakt med allergen.

Mengda av husstøvmidd er størst i puter, madrasser, tepper, polstra møblar og leikedyr. Nytt ei hundeseng som er lett å vaske. Vask tepper og liknande ved minimum 60 grader. Støvsug hyppig. Reduser luftfuktigheiten i huset til under 51%. Lat hunden vere mest mogeleg ute.

2. Badebehandling med mild sjampo.

Bading vil fjerne eller redusere allergen på hudoverflata. Vi anbefaler sjampoen Epi-Soothe, denne har kløestillande, rensande og fuktgivande effekt. Bading bør finne stad minimum ein gong per veke.

3. Dagleg tilskot av essensielle feittsyrer.

Feittsyrer styrkjer hudbarrieren og reduserer den allergiske reaksjonen. Vi anbefaler Viacutan, som inneheld både omega-3 og omega-6 i balanserte mengder. Viacutan er dessutan lett å dosere. For mykje feittsyrer og eit ubalansert forhold av omega-3 og omega-6 er uheldig.

4. Allergenspesifikk immunterapi, ASIT.

Ved behandling med ASIT vert små mengder allergen sprøyta under huda på hunden, først hyppig og i låg dose, deretter gradvis i større dosar og med lengre intervall. Denne behandlinga gjer hunden mindre følsom for det allergiframkallande stoffet, og er den einaste behandlinga som kan kurere sjukdomen. ASIT gir godt til svært bra resultat hjå 50-80% av behandla hundar.

5. Kløedempande medisinar: antihistamin eller prednisolon.

Antihistamin vert føretrekt framfor prednisolon på grunn av mindre biverknader. Eventuelt kan ein nytte ein kombinasjon av desse.

6. Godt fôr

Godt fôr er naudsynt for å halde huda frisk og motstandsdyktig. Vi anbefaler Eukanuba Vet.Diets Dermatosis FP. Ein kan ved hjelp av blodprøven ikkje utelukke fôrallergi. For å utelukke fôrallergi må ein eliminasjonsdiett nyttast i 8 veker. Dette er lettast å gjennomføre ved å nytte spesialfôret Hill’s z/d.