dyreklinikken

i Sogndal

Hudproblem og ernæring

Huda er det største av kroppen sine organ, og krev store mengder næring. Huda nyttar heile 30% av kroppen sitt totale proteinbehov. Problem med dårleg pels, flassing og svekka epidermis er ofte eit tidleg teikn på feil ernæring.

Mineral

Sink, kopar, jarn og kalsium
Desse minerala har ein viktig innverkand på kvarandre. Kalsium bind sink og gjer dermed sink mindre tilgjengeleg for absorpsjon. Overforing med kalsium kan vidare undertrykke tyroidfunksjonen. Kopar, sink og jarn konkurrerer om bindingsstader for intestinal absorpsjon. Overforing med sink kan gi koparmangel, med svikt i keratiniseringsprosessen og hypopigmentering. Foring med høgt nivå av kalsium, kopar og jarn er ein av årsakene til sjukdomen ”sink-responsiv dermatose”. Dette førekjem til dømes ved foring med store mengder kornprodukt.

Sink responsiv dermatose kan også skuldast ein medfødd svikt i sinkabsorpsjonen. Klinisk artar tilstanden seg med dårleg pels, bilaterale, symmetriske, sirkulere eller linere lesjonar med skorper og eventuelt parakeratose, særleg på hovudet, beina, scrotum og perineum, vidare kan ein sjå erytem, seborrhea sicca og otitt. Behandling er først og fremst foring med ein balansert diett, dersom dette ikkje er nok, må ein gi tilskot av sinksulfat; 10mg/kg kroppsvekt dagleg.

Fosfor
Mangel av fosfor er normalt assosiert med overskot av kalsium. Oversupplementering med fosfor gir kalkmangel.

Natrium
Akutt natriumforgiftning gir tørst, kløe, forstoppelse, anoreksi og død. Årsaken er så og seie alltid mangel på drikkevatn.

Jod
Mangel på jod fører til hypothyriodisme, men førekjem sjeldan.

Mangan
Overskot av mangan kan føre til delvis albinisme og nedsett fertilitet.

Vitamin

Hundar med hudproblem bør rutinemessig få vitamintilskot. Dei mest vanlege symptoma på vittaminmangel er seborrhea sicca, fokal alopeci og vekttap.

A-vitamin
A-vitamin er viktig for cellevekst, differensiering og keratinisering. A-vitamin finn ein rikeleg av i fiskeolje, lever og nyre. A-viaminmangel er svært sjeldan å sjå i klinisk praksis.

Ein tilstand kalla Vitamin A responsiv dermatose er skildra. Tilstanden skuldast sannsynlegvis ein lokal mangel eller ein delvis metabolsk svikt. Symptoma omfattar generalisert hudfortjukkelse og flassing, samt seborre. På grunn av hyperkeratose vert utførselsgangane til talgjhertlane tetta, og ein får papalar og erupsjonar, særleg på bryst og bukområdet. Ved biopsi finn ein alvorleg follikuler keratinisering. Behandlingne er livslang tilførsel av A vitamin, 10.000 I.U. dagleg.

B-vitamin komplekset
a) Biotin
Mangel på biotin skuldast ofte foring med rå egg. Eggekviten inneheld avidin, som bind seg til biotin og slik hindrar absorpsjon. Biotin mangel har også vorte raportert hjå kattar som har gått på langvarige antibiotikakurar, avdi B-vitamin komplekset vert syntetisert av tarmbakteriar.

Symptoma på biotinmangel er periorbital alopeci, skorpete lesjonar i ansikt, nakke, kropp og lemmer, seborrhea, kløe, samt letargi, avmagring og diare.

b) Riboflavin
Mangel på riboflavin kan gi seborrhea sicca kring augene og sprekker og tørr avskalling på leppene og i munnvika (cheilosis). Alopeci på hovudet til katt har òg vorte skildra. Riboflavin finn ein rikeleg av i kjøt og mjølkeprodukt.

c) Niacin
Niacin vert danna i kroppen ut ifrå tryptofan, bortsett frå hjå katt, som ikkje kan omdanne tryptofan til niacin. Diett med lite tryptofan, td. kornprodukt, kan føre til mangel. Kliniske symptom er seborrea sicca på bakbein og buk, ulcerasjonar, avmagring og diare.

E vitamin
E vitamin er ein antioksidant som stabiliserer membranar. E vitaminmangel har vore rapportert hjå kattar fora kun med tunfisk på boks. Sjukdomen som oppstår vert kalla pansteatitt. Reaktive peroxid vert akkumulerte i feittvevet, og kroppsfeittet får ein gulbrun misfarging. Underhudsfeittet vert smertefult og klumpete, og katten vert irritabel og anorektisk. Behandling; E-vitamin, 10mg/kg dagleg, eventuelt i kombinasjon med kortison for å redusere inflammasjon.

E vitamin er ein mild antagonist til danning av leukotriener, og har vore nytta i behandling av mellom anna discoid lupus erythematosus, systemisk lupus erythematosus og lidingar som affiserer basalmembranområdet. Effekten har vore variabel.

Lipid

Lipid er naudsynt i dietten som kjelde for essensielle feittsyrer og for absorpsjon av feittløyselege vitamin (A, D, E, K). Lipid er dessutan ei viktig energikjelde.

Essensielle feittsyrer(EFS), er fleirumetta feittsyrer derivert frå og inkludert linolsyre (18:2n-6), kalla Ω-6 serien, og α-linolensyre (18:3n-3), kalla Ω-3 serien. Pattedyr har ikkje evne til å syntetisere desse, og dei må difor tilførast gjennom foret i form av stam-molekyla, eller derivat av desse. Katt manglar enzymet som må til for å syntetisere arakidonsyre ut frå linolsyre. Kattar må difor få også arakidonsyre tilført via foret. Arakidonsyre førekjem kun i animalske produkt.

Komposisjonen av lipid frå ulike planter og dyr varierer mykje. Planteoljar generelt inneheld meir enn 30% umetta feittsyrer, men det er somme unntak, olivenolje og kokosolje inneheld td. mindre enn 10% og bør ikkje nyttast som supplement av umetta feittsyrer.

Olje danna ut frå frø har ein tendens til å innehalde mykje linolsyre (Ω-6), td. solsikke-, mais- og ”primrose”-olje. α-linolensyre (Ω-3) finn ein i blader og i somme frø og nøtter, fiskeolje er rik på eicosapentaensyre, eit derivat av α-linolensyre.

Overforing med umettafeittsyrer og samstundes inadekvate nivå med antioksidantar kan føre til pansteatitt (sjå i samband med E-vitamin).

Mangel på essensielle feittsyrer (EFS) førekjem ved dårleg formulerte diettar, foring med tørrfor som har vore lagra ved høg temperatur eller som inneheld utilstrekkelege mengder antioksidantar, sjukdom som virkar inn på absorpsjon og metabolisme, td pankreasinsuffisiens og ved mangel på sink, E-vitamin og andre co-faktorar i metabolismen av ESF.

EFS er mellom anna viktig i oppbygging av cellemembaranar, vidare er EFS viktig for å kontrollere vasstapet over epidermis. EFS er forløparar til ei mengd substansar som er viktige mediatorar og modulatorar i inflammasjonsprosessen, td prostaglandiner, leukotriener, og regulatorar av immunrespons, noko som gir EFS ein antiinflammatorisk aktivitet.

Mangel på essensielle feittsyrer fører til matt pels, grunna menglande refleksjon, tørr pels, flassing og forstyrra keratiniseringsprosess fordi huda taper evnen til å halde på fuktigheit, hårtap på grunn av manglande evne til å danne nye hår, feit pels, fordi huda kompansere med å danne feitt av dårleg kvalitet, hudinfeksjonar grunna øydelagd forsvarsbarriere, og kløe.

Ved seborrhoea er mengda av linolsyre i huda ofte redusert, dette kan ha samanheng med nedsett linolsyremetabolisme i huda. I desse tilfella bør ein nytta ein olje som er rik på linolsyre.

Fleire ulike forsøk har vist at EFA har positiv effekt mot atopi. Somme atopikarar kan halde sjukdomen under kontroll kun ved bruk av EFA, andre kan redusere dosen av medisinar. Essensielle feittsyrer fremjar effekten av kortison og antihistamin, og aukar forsvarsevna til huda.

Ved tilleggsforing med feittsyrer bør ein nytte feittsyrer både frå Ω-6- og Ω-3-serien. Anbefalt forhold mellom Ω-6 og Ω-3 er 5:1. Dosering til hund er 200mg olje per kilo hund.

Denne kombinasjonen har vist seg å ha god effekt også mot milliær dermatitt hjå katt.

Det kan ta 4 veker eller meir før effekten av EFA er synleg.

Protein og aminosyrer

Kroppen har kontinuerleg behov for protein for å skaffe aminosyrer til oppbygging av kroppsprotein. Hår består av 90% protein. Keratinisering av hår er ein konstant prosess som krev 25-30% av dyret sitt daglege protein behov. Ved hudsjukdom aukar behovet for protein.

Det er 22 aminosyrer totalt, alle dyr kan syntetisere 12 av desse i tilstrekkelege mengder, dei resterande er essensielle aminosyrer som må tilførast gjennom foret. Kattar er avhengige av å få taurin gjennom foring. Planter inneheld ikkje signifikante mengder med taurin. Musling inneheld svært mykje taurin, og elles finn ein taurin i kjøt og fisk.

I tillegg til svolt, kan proteinmangel skuldast feil foring, td. for mykje kornprodukt, malabsorpsjon og langvarige svekkande sjukdomar som nyre- eller leverforstyrrelsar.

Teikn på proteinmangel omfattar flekkvis alopeci, tørr, lurvete og skjør pels, røyting og dårleg hårvekst. Hyperkeratose, epidermal hyperpigmentering og tap av pigment i hår kan òg førekoma.

Linda Marie Hagelin,
Dyreklinikken i Sogndal

Oppsummeringen er skriven med utgangspunkt i ESAV sitt kurs ”Dermatology II”, Wien 22.august - 3.september 2005.