dyreklinikken

i Sogndal


Vi sel hunde- og kattefor frå Specific, Hill's, Eukanuba og Royal Canin. Dette er for av høg kvalitet, som er med på å halda dyret ditt frisk.

Tilbodet vårt omfattar fullkost for til friske hundar og kattar, og ei rekkje for som er berekna på å førebyggje og behandle sjukdom. Rett foring er særleg viktig i samband med hudproblem. Sjå artikkelen «Hudproblem og ernæring», skriven av Linda Marie Hagelin.

Vi hjelper deg å finne rett for til dyret ditt.

Ved å kjøpe for hjå oss er du med på å støtte drift av klinikken, innkjøp av moderne utstyr og vidareutdanning av oss veterinærane, slik at vi kan gi dyret ditt eit best mogeleg tilbod.