dyreklinikken

i Sogndal

Vi er den best utstyrte klinikken i Sogn.

Vi har utstyr og kompetanse til å diagnostisere og behandle ei rekkje lidingar, og vi utfører eit breitt spekter av operasjonar.

Klinikken er mellom anna utstyrt med:
-røntgenapparat
-blodanalysemaskin
-utstyr til hjarteundersøkingar -overvåkingsutsyr til bruk ved operasjonar
-tannbehandlingsutstyr til hund, katt, gnagarar og hest
-laboratorium
-operasjonsrom

Røntgenutstyret vårt er naudsynt for å kunne stille ein rekkje diagnosar, både når det gjeld bein, ledd og indre organ. Begge veterinærane på klinikken har dessutan gjennomgått kurs og er godkjende til å ta røntgenbilete for HD og AD avlesing ved Norsk Kennel Klub. (Link)

Blodanalysemaskinene våre gir svar på blodprøvar medan du ventar. Blodanalyse er nyttig når vi skal kome fram til diagnosen når dyret er sjukt. Vi anbefaler også helsekontroll med blodprøve av eldre dyr, for å avdekkje sjukdomar på eit tidleg stadium. Dersom ein tildømes finn at dyret har byrjande nyresvikt, kan vi hindre utvikling av sjukdom i lang tid ved hjelp av rett foring.

Vi har elektroniske stetoskop som koblar hjertelydene til dataprogram (Phonocardiografi). Dette er til stor hjelp i samband med diagnostisering og behandling av hjartefeil. Bilydar som blir oppdaga kan ved behov sendast via internett til spesialistar i hjartesjukdomar for vurdering. I tillegg har vi utstyr til EKG-underøking, som også er kobla til data.

Me har nært samarbeid med klinikkar som har kompetanse på område der me ikkje har utstyr eller kunnskap nok.