dyreklinikken

i Sogndal

Historikk

Dyreklinikken i Sogndal er fortsettelsen av ein veterinær praksis som tok til i 1974. Opp gjennom åra har ein ytt alle tenester innan det veterinære fagfelt. Etter kvart har praksis innan området selskapsdyr vorte dominerande.

Det er investert betydelege summar i etterutdanning og innkjøp av diagnistiske hjelpemidlar.

Det første røntgenapparatet kom i drift i 1984. Dette er transportabelt og vert no nytta på til røntgenfotografering av hestebein. I 2001 vart det investert i nytt og moderne røntgenutstyr.

Sidan har ein utvida tilbodet med blodanalysemaskin for hematologi og blodkjemi, og avansert utstyr for hjarteundersøkjing.

Datautstyr og programvare gjer det lettare å halda oversikt over behandling, kundar og økonomi.

Me har i ei årrekkje samarbeida med smådyrspesialist Lisbeth Holtet ved Bergen smådyrklinikk som har kompetanse på område der me ikkje har utstyr eller kunnskap nok.