dyreklinikken

i Sogndal

Veterinærane

Vi er to veterinærar som jobbar på Dyreklinikken i Sogndal. Dette vil seie at du som kunde alltid vil få snakke med ein veterinær, enten du ringjer eller kjem innom. Vi set kunden og kjæledyret i fokus, vi bruker god tid sjølv til "enkle" ting, og gjer vårt beste for å forklare det vi gjer.

Gunnar Hofslundsengen

Gunnar var utdanna ved Norges Veterinærhøgskule i 1974. Det er han som eig og driv klinikken. Han har etter teke del i over 100 lokale og internasjonale etter- og vidareutdanningskurs og konferansar.

Gunnar har vore distriktsveterinær, kommuneveterinær og kontrollveterinær ved kjøtkontrollen.

Linda Marie Hagelin

Linda Marie var utdanna ved Norges Veterinærhøgskule i 2001, og har sidan jobba ved klinikken. . Ho har teke eit treårig etterutdanningsstudium i hudsjukdommar, ved den europeiske etterutdannings skulen for veterinærar, og er den som kan mest om hudsjukdomar på klinikken. Ho har også teke del på ei rekkje kortare vidareutdanningskurs, både nasjonale og internasjonale.

Linda har og utdanning innan økonomi og administrasjon frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.