dyreklinikken

i Sogndal


Rutinar i samband med operasjonar:

Hundar og katter som skal opererast skal ikkje ha mat om morgonen før operasjonen (etter klokken 1700 dagen før operasjonen). Gi vatn som vanleg.

Hundar må luftast godt før dei kjem inn til operasjon.

Kaniner som skal opererast bør transporterast i bur med avispapir, ikkje strø.

Dyra bør ikkje vere utprega skitne, då dette aukar faren for infeksjonar.

Dersom dyret går fast på medisinar bør du skrive dette på ein lapp og levere den saman med dyret.

Dersom operasjonen gjelder fjerning av nydannelsar / svulstar, kan vi ta ut prøve for nærare undersøkjing (histologi) hjå eksternt laboratorium, dersom dette er ønskjeleg.

Oppgjer for behandlinga finn stad når dyret vert henta, kontant eller med bankkort.

Operasjonsstinga bør fjernast omlag 14 dagar etter operasjonen, då er du hjarteleg velkomen tilbake til oss -dette kostar ikkje noko, med mindre dyret må bedøvast.