dyreklinikken

i Sogndal


Vi vil alltid prøve å gi ein konkret førehandspris, men på grunn av at vi ikkje alltid veit kvafor undersøkingar som må til, eller kvafor behandling som er naudsynt for dyret ditt, så kan dette vere vanskeleg å avgjere.

Betaling må skje på behandlingstidspunktet kontant eller med bankkort, vi aksepterer ikkje kreditt.

Utgiftene hos veterinæren er ofte større enn hjå fastlegen din. Årsaka til dette er at hos veterinæren betaler du for alt der og då, hjå legen betaler du ein eigenandel, medan dei verkelege utgiftene blir dekka gjennom trygdesystemet. For dyr finst det ikkje eit slikt trygdesystem, difor må du som dyreeigar dekke rekninga sjølv.

I motsetning til legetenester er veterinærtenester momsbelagt, det vil seie at 25 % av alt du betaler går til statskassen. Det kan vere ein fordel å forsikre dyret ditt.