dyreklinikken

i Sogndal

HD og AD røntgen

Det er mange ulike regler kring HD og AD røntgen. For nærare informasjon bør du besøkje NKK si heimeside; www.nkk.no

Ved HD/AD røntgen hos oss gjeld følgjande:

-Du må tinge time på førehand, denne konsultasjonen kan ta litt tid.
-Hunden blir totalt bedøva og bør difor ikkje ha ete dei siste timane før konsultasjonen, hunden bør også vere godt lufta.
-Ta med originale registreringpapir (dersom hunden er NKK registrert)
-Dersom hunden er NKK registrert kan hundeeigar bestille skjema direkte frå NKK si heimeside for å få bileta avlesne raskare.
-Personen som kjem med hunden må kunne vere med å løfte og halde hunden i samband med røntgenfotografering. Gravide og barn let vi ikkje vere med på dette. For store rasar ber vi om at to personar er med for å løfte og holde.
-Betaling må skje samstundes som røntgenfotografering vert utført, kontant eller med bankkort.
-Vi gir ikkje kreditt.